Fylkeskommunen skal gjere fleire viktige forbetringar som skal vere merkbare i kvardagen for deg som går, syklar eller reiser med buss i Kristiansund. Tiltaka skal gi tryggare tilkomst, betre universell utforming og eit meir attraktivt kollektivtilbod. Det handlar først og fremst om oppgraderte haldeplassar.
Det vil bli gjort oppgraderingar i mellom anna i Langveien, på Dale (Melkvika–Flyplassen), på Nordlandet (Nergata/Omagata) og i Byskogen (Seivikveien) altså på fylkesvegane innanfor bomringen.
Det vil også bli satt opp sanntidsskilting.
Totalt er det sett av 41 millionar (i 2022-kroner. Tiltaka blir valde fordi dei skal bidra til å løyse dei trafikale utfordringane bypakken skal ta tak i, og dei må liggje i nærleiken av bypakkeprosjekta.